Fleire leilegheiter til sals

Grandegarden i Valldal

– Vi er stolte av å presentere GrandeGarden, eit høgstandard leilegheitskompleks, unikt plassert i Valldal sentrum, seier dagleg leiar Odd Rune Heggen i Valldal Bygg AS.

Heile prosjektet har 37 leilegheiter. I 2014 vart ni av dei klargjorde i bygg B. I 2015 kjem åtte nye leilegheiter i bygg A, altså til saman 17 leilegheiter i første byggjesteg. Bygning C og D vert bygde i neste omgang.

interiør ITSENTRALT PLASSERT

GrandeGarden ligg der Valldal Trevare hadde fabrikk på Grandane, og eigedommen er nabo til Muriparken, eit aktivt utviklingsområde innan helse og velvære, bygd rundt fasilitetane til Muritunet og Storfjord Helsesenter.

– Leilegheitene passar godt til førstegongsetablerarar, godt vaksne og andre som ønskjer bustad nært alle fasilitetar i Valldal sentrum. Eller er det kan hende den nye fritidsbustaden til nokon som ønskjer eit sentralt og lettstelt alternativ til hytte i Valldal, spør Odd Rune Heggen.

FJERNVARME

GrandeGarden vert varma opp med energi frå Valldal fjernvarme, ei alternativ energikjelde som både er miljøvenleg og prisgunstig.

Leilegheitene er bygde som energieffektive einingar med universell utforming, og det er heis til alle leilegheiter i 2. og 3. etasje.

På bakkeplan er det innandørs garasjeanlegg for alle leilegheitene. Den som har behov for det, kan kjøpe ekstra parkeringsplass. Sportsboder til alle leilegheitene, fellesboder og teknisk rom ligg òg der.

 

GrandeGarden

LEILEGHEITER I VALLDAL

  • To- og treromsleilegheiter med livsløpstandard
    (68 – 96 m2).
  • Balkong, fjernvarme, garasje og heis. Tilrettelagt for fiber og felles TV-anlegg.
  • Pris frå 2 415 000 til 3 595 000 kroner.
  • Meirinformasjonpå finn.no, grandegarden.no eller hos Valldal Bygg AS / Valldal Høvleri AS på telefon 70 25 85 80
    eller 91 54 04 50.

 

oversyn leilegheiter copy