Rappellering på Zakariasdammen frå august!

I august lanserer Kraft- og skredsenter i Tafjord ei ny og spennande oppleving – rappellering på Zakariasdammen! Det vert no jobba med utplassering av sikringsutstyr og andre viktige førebuingar knytt til sikkerhet før den nye attraksjonen kan prøvast ut i midten av august. Tafjord Kraftproduksjon eig dammen, og dei har gjeve einerett til Kraft- og skredsenter i Tafjord som tilbydar av aktiviteten.

 

Ikkje nok med det, men 12.juli opna også ny ladestasjon for elbilar ved Kraft og skredsenter i Tafjord. Dette er den femte ladestasjonen som TAFJORD har bidratt til etablering av. Tilreisende med elbil kan no ta turen innover fjorden utan å måtte føle på «rekkeviddeangsten». Det er også ein ladestasjon for elbilar ved Kulå Bowling AS i Valldal.