Heim Om Livskraftportalen

Om Livskraftportalen

LIVSKRAFT finn vi i dei mange verksemdene som held til i bygdene i Norddal kommune. Desse verksemdene har gått saman om å etablere www.livskraftportalen.no for å syne fram næringslivet, lokalsamfunna og spennande utviklingsprosjekt. Etter kvart vil du også kunne sjå nærare på fritidstilbod, turløyper og natur- og kulturattraksjonar m.m.

Næringslivet og lokalsamfunnet i Norddal leverer LIVSKRAFT, både gjennom landbruksprodukt, helse og rehabilitering, rekreasjon og opplevingar, og sist men ikkje minst frå naturen sjølv gjennom kraftprodusjon – sjølve livskrafta i eit moderne samfunn.

Livskraftportalen er eigd av Fjordhagen AS og næringsforumet v/Fjordhagen.

Fjordhagen AS er eit næringsutviklingsselskap eigd av SIVA SF, Norddal kommune og privat næringsliv. Fjordhagen AS driv med rådgjeving, nettverksbygging, kompetanseheving, profilering og prosjektleiing for gründarar, etablerte bedrifter og kommunar. Vårt fokus er nærings- og lokalsamfunnsutvikling.

Etter ynskje frå næringslivet tok Fjordhagen AS tok i 2012 initiativ til å danne eit næringsforum som skal vere eit diskusjonsforum for næringslivet med eit profesjonelt sekretariat slik at ein får framdrift i næringsutviklingsarbeidet og fronte felles saker og utviklingsarbeid. Næringsforumet er organisert som eit prosjekt i regi av Fjordhagen AS som fungerer som sekretariat. Ei slik felles sak er etablering av ein felles internettportal, i tråd med kommunen sin omdømmestrategi. Næringsforumet er med å finansierer Livskraftportalen og tel no 29 bedrifter frå heile kommunen og alle typar bransjar.

For meir informasjon om Fjordhagen AS og næringsforumet, sjå

www.fjordhagen.com