Stor utviding av Høvleriet – offisiell opning 27.mai

– Når vi først skulle byggje på, er det godt at vi får glede av det 20–30 år fram i tid, seier Odd Rune Heggen som er dagleg leiar for Valldal Høvleri AS.

Når du svingar inn framfor den nye butikken på Omenås, fortel knallgrøne vindskeier og lister på det kvite nybygget at dette er ein butikk som høyrer til byggvarekjeda Byggtorget. Profilen er gjennomført i den lyse og oversiktlege butikken der varene er sorterte og betre eksponerte enn i den gamle butikken.

Anders Linge Rem, Torkjell Bjørstad og Cato Heggen trivst i den nye kantina.

Seks nye kontor

Dagleg leiar Odd Rune Heggen viser veg inn til den nye utstikkaren med seks kontor, datarom og kantine. Til saman rår dei no over 2500 kvadratmeter i den gamle og den nye bygningen. Det gjer arbeidet trivelegare for dei 22 tilsette.

– Før sat vi spreidde over to etasjar. Det er meir praktisk å vere samla, seier han.

Kontora er store og lyse. Alt det tekniske utstyret er nytt både når det gjeld ventilasjon, data, brannvarsling og inngangskontroll.

– No har vi ingen nøklar, berre små brikker i tillegg til kodar, seier Odd Rune.

Dei har òg fått nytt økonomisk system, ny telefonløysing og digital timeregistrering.

Butikksjef Torgeir Sunde er glad for å ha betre plass til å vise fram varene i butikken.

Samla behov 

Butikken og kontora er på over 600 kvadratmeter. I inngangspartiet er det både nytt personalrom og kundetoalett som er tilpassa rullestol. Utvidinga av butikken kom etter eit samla behov.

– No var tida delvis overmoden. Vi har prata om dette i fem–seks år. Ikkje alt kunne endrast berre gjennom ei oppussing. Dei gamle toaletta var for små, så det var betre å byggje nytt, seier Odd Rune Heggen.

Han understrekar at utbygginga er viktig både for kundar og tilsette.

– Arbeidsplassen og dei tilsette er viktigare for oss enn å ta ut utbytte. Vi køyrer overskotet inn att i bedrifta gjennom gode bilar, kranbil, kontor og butikk. Den fysiske arbeidsplassen er mykje betre enn før, ikkje minst gjennom det nye ventilasjonsanlegget.

Varer i butikken

Reol etter reol, hylle på hylle er fylte med varer, som tidlegare var stuva bort på lageret.

– Det er fole med varer som skal systematiserast. Det er mykje arbeid. Vareteljinga fortel kor utruleg mange artiklar det er snakk om, seier Odd Rune Heggen.

I den gamle butikken var det liten plass til å vise fram varer som garderobeskap og vedomnar, leveggar og hagemøblar.

– Leverandørane får meir plass til å eksponere produkta sine i nybutikken. Vareutvalet er om lag som før, men fleire varer får plass i butikken. Det gjer det lettare å ha oversyn og å bestille nye varer. Det er berre å skyte på etiketten på hyllekanten.

Eivind Andersen bak den lange kassadisken som er tilpassa tunge varer.

Opningsfest i mai

Valldal Høvleri har investert mellom fem og seks millionar kroner i ombygging og tilbygg. Butikken vart driven i heile byggjeperioden, som vart lagd til lågsesongen januar–mars. Dørene til nybutikken vart opna til påske.

Valldal Høvleri inviterer til offisiell opning fredag 27. og laurdag 28. mai. Fredag vert det langope til kl. 20 med offisiell opning kl. 18. Då lovar dei gode tilbod, leverandørbesøk, kaffi og kake.