Valldal Fjordhotell reiser seg

Classic Norway har no starta innsalet av Valldal Fjordhotel, og hotellet er bookbart frå 25.juli. Hotellet har 40 hotellrom, alle 2 sengs/dobbeltrom med eige bad med dusj/toalett. Les meir om hotellet, sjå teikningar av bygget og book online på http://www.classicnorway.no/hotell/valldal-fjordhotell/
Aktiviteten er stor og framdrifta på bygget på Grandane i Valldal er lett å sjå frå dag til dag.

Det er vestfløya arbeidet er kome lengst på og sist veke var taktekkinga ferdig. For å bryte opp overflata på taket skal det monterast lister på kvar nittiande centimeter.
Eit vinterbygg
Prosjektleiar Geir E. Rotevatn har saman med anleggsleiar kontor på hjørnet i Mørenett sitt bygg. Prosjektleiaren i Consto Vest fortel at når dei planlegg bygg er det avgjerande for byggemetode kva tid på året bygget skal reisast. Vinterstid vert ofte eit elementbygg valt som byggemetode for å reise det fort og få det tett. Så kan arbeidet med innreiing ta til medan snø, vind og regn herjar ute. No er taktekke på plass på vestfløya, ein plast nyttast på austfløya for å halde taket tørt før pappen kjem på plass. På bygget som bind dei to fløyene saman, er takstolane montert og undertaket er då neste trinn.
Ferdige bad
På vestfløya er innreiinga i gang med himlingar og lettveggar.
– Det er 90 prosent gipsflater innvendig og lettveggane vert sett opp av stål og gips. Lydisolasjon og branntryggleik er viktige i slike bygg, seier prosjektleiar Rotevatn. Om tre veker kjem bada frå Sverige. Det er ferdige badcabiner som rullast inn i bygget med jekketraller og monterast i ein krok. Vatn koplast på og dei to veggane ut mot opphaldsrom og gang sett opp, vips ferdig flislagde bad. Innbu og lausøyre på hotellromma er det byggherre sjølv som står for.
Byggherren har eit ønske om å ta i bruk hotellet til sommaren og entreprenøren har det som mål i si framdrift.  Hotellet har 40 doble rom, alle med bad, dusj og toalett. Mykje kan skje og til no har vêret ikkje skapt dei heilt store problema.
– Det er litt naturstridig å byggje på denne årstida, men når bygget er tett, går mykje av arbeidet vidare utan problem, seier prosjektleiar Rotevatn.
Dette vert hovudinngangen til Valldal Fjordhotell og om ikkje lenge er alle taka på plass.